Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kva skjer? Sylvi Listhaug er mot film som kritiserer afrikansk fleirkoneri.

#Bakvendtland

SKAMLAUSE JENTER: Amy (Fathia Youssouf) lærer ei tøff lekse når ho må navigera gjennom ein pornografisk nettkultur. FOTO: NETFLIX

Eit Tween-portrett som speglar tida jenter veks opp i.

(Mignonnes, Frankrike, 2020)

Regi og manus: Maïmouna Doucouré.

Med: Fathia Youssouf, Médina El Aidi-Azouni, Esther Gohourou, Ilanah Cami-Goursolas, Myriam Hamma.

Lengde: 1 t. 36 min.

Vises på: Netflix.

Det er sjeldan afrikanske filmskaparar – endåtil kvinnelege slike – får merksemd i Vesten. Kenyanske Wanuri Kahiu er blant unntaka. Typisk nok var det den kontroversielle tematikken i regissørens Cannes-snakkis «Rafiki» som vekte interesse i europeiske og amerikanske media. I 2018 slutta kommentatorane rekkene i kritikk av kenyanske styresmakter, som ville sensurera Kahius skildring av forboden kjærleik mellom to kvinner.