PENGAR: I eit møte med regjeringa fredag bad flyselskapa om direkte koronastøtte, slik som resten av næringslivet har fått, melder Aftenposten og E24. På møtet stilte både Norwegian-sjef Jacob Schram, konserndirektør Kjetil Håbjør i SAS, administrerande direktør Stein Nilsen i Widerøe og sjef for bransjeforeininga NHO Luftfart, Torbjørn Lothe. Dei møtte næringsminister Iselin Nybø (V), samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) og statssekretærane Geir Olsen og Magnus Thue frå Finansdepartementet. Lothe i NHO Luftfart sa til Aftenposten og E24 før møtet at koronakrisa er i ferd med å bli ei krise som ein ikkje kan låne seg ut av.©NPK