Lars Fiskes gamle skissebøker vart inngangen til serieteiknarens sjølvbiografi.
Etter å ha raffinert tung research til teikna biografiar over kunstnarar som Kurt Schwitters og Georg Grosz, har Lars Fiske i «Mitt liv som teikning» vendt blikket og pennen mot si eiga historie. Også sjølvbiografien har tatt utgangspunkt i arkivmateriale, nærare bestemt i 27 skissebøker som Fiske førte frå 1987 til 2009. Men trass i dette visuelt lagra minnet har ikkje «Mitt liv som teikning» vore lett å laga.