Sterke roller sparkar liv i kjend valdssjanger.
(Kød & blod, Danmark, 2020)
Regi: Janette Nordahl
Manus: Ingeborg Topsøe
Med: Sidse Babett Knudsen, Sandra Guldberg Kampp, Elliott Crosset Hove, Besir Zeciri
Lengde: 1t. 29 min.
Den forsømte storbyjentaIda blir brått morlaus og åleine. Når den ukjende tante Bodil raskt tar over foreldreansvaret og hentar til seg niesa ut på landet, kjem pubertetsjenta både tanta og hennar vaksne søner i møte med skepsis. Det har ho all grunn til, jamvel om tante Bodil ikkje er ute etter barnetrygda, slik Ida først mistenkjer.