La oss tenkje oss at tre, fire eller helst fem parti i god tid før valet neste haust inngår eit samarbeid med hovudmål å gjere Norge til eit anstendig land. Det inneber at politikarane møter innbyggjarane med respekt og likebehandling, og at landet blir forvalta slik at me, med litt under ein promille av verdas innbyggjarar, så langt me evnar tek steget frå å vere ei belastning for verdssamfunnet og til å bli ein positiv bidragsytar.
No er det tid for ein annan styremåte.