Eit halsbrekkande og absurd teaterprosjekt som er blitt både velspela og underhaldande.
Kilden Teater og Konserthus, Multisalen
Av: Knut Hamsun
Dramatisering og regi: Ole Johan Skjelbred
Scenografi: Ole Johan Skjelbred og Ane Ledang Aasheim
Kostyme: Ane Ledang Aasheim
Lysdesign: Ingeborg Staxrud Olerud
Med: Olav Waastad, Henrik Rafaelsen, Isabel Beth Toming, Ann Ingrid Fuglestveit, Jenny Ellegård, Khalid Mahamoud og Ulla Marie Broch
Når Kildens nytilsette teatersjef Valborg Frøysnes set opp Knut Hamsuns «Mysterier», er det knytt mykje sørlandsk til produksjonen. Eitt er at Hamsun skreiv romanen i og på bakgrunn av eit opphald i sørlandsbyen Lillesand. Men Ole Johan Skjelbred, som både har dramatisert og regissert oppsetjinga, er frå Kristiansand. Det er også kostymedesignar Ane Ledang Aasheim. Og så er den nyutdanna skodespelaren Khalid Mahamoud og Henrik Rafaelsen båe attende i fødebyen, den siste etter mange år i Oslo og Stockholm.