Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Et litt for pessimistisk blikk

I spalta si i Bokmagasinet i Klassekampen 22. august 2020 («Et annet blikk») har Magnus Nilsson ein god og relevant omtale av skandinaviske studium på universitet utanfor Norden. Han framhevar kvaliteten i desse institusjonane og peikar særskilt på at forsking på skandinavisk litteratur med eit ‘anna blikk’ kan gje nye og spennande perspektiv. Her nemner han interessante døme på avhandlingar om skandinavisk litteratur frå tysk og austerriksk side. Eg kunne nemne mange liknande døme frå amerikansk skandinavistikk som er det eg kjenner best, og eg er heilt samd med Nilsson i at vi innanfor fagfeltet i Skandinavia bør ha meir merksemd på våre utanlandske kollegaer og deira forsking og halde kontakten med dei. Men eg meiner nok at Nilsson teiknar eit litt for pessimistisk bilde av situasjonen.