Du kan bla til neste sideBla med piltastene

MINORITETAR

På heimebane

DET UMOGLEGE ER MOGLEG: David Martinez jobbar med minoritetsungdom i Bergen på dagtid og driv idrettslag for den same ungdomen på fritida. Han har jobba hardt for å kome dit etter ei vanskeleg oppvekst i Colombia. Målet er å vise andre at det er mogleg. Klassekampen

Frå eit liv i Colombia med juling både på skulen og heime har hardt arbeid og mykje flytting ført David Martinez til Bergen. Der hjelper han frustrert minoritetsungdom å skape si eiga framtid.

Sidan 1999 har David Martinez jobba med å få ungdom som fell mellom to stolar, på rett kjøl. Det gjer han med kjærleik og ved å bruke eigne røynsler frå eit langt og levd liv.