Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Tenet» byr på spektakulær handling og ei komisk godt tima framstilling av Noreg som skatteparadis.

Tid for grenselaus action

OSLO FREEPORT: John David Washingtons «Protagonisten» og hans medsamansvorne Neil, spela av Robert Pattinson, lurar seg inn i eit lager for ufortolla kunstskattar på Oslo lufthamn. FOTO: SF NORGE Melinda Sue Gordon

Filmane til Christopher Nolan har stil og store tema, men gjev stadig mindre meining.

(USA, 2020)

Regi og manus: Christopher Nolan

Med: John David Washington, Robert Pattinson, Elizabeth Debicki, Aaron Taylor-Johnson, Kenneth Branagh

Lengde: 2 t 30 min

Kan «Tenet» berga kinofilmen? Det er spørsmålet som har halde den internasjonale filmbransjen nattevaken, medan koronapandemien har fått verdas største kinokjeder til å vakla, alle pengestraumar til å tørka inn og publikum til å flykta.