Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Direktorat frikjenner seg sjølv

REGLAR: Direktoratet for e-helse vart i sommar skulda for regelbrot etter å ha brukt halve budsjettet på konsulentar. No har det granska og frifunne seg sjølv. Direktoratet vart kritisert for problematisk rolleblanding, og mogleg brot på innkjøpsregelverket, då PWC vart sikra ein kontrakt til 75 millionar kroner etter sjølv å ha gitt innspel til direktoratet om kva krav staten skulle stille. I ein 70 sider lang rapport kjem dei fram til at reglane ikkje er brotne, men at det er rom for forbetringar, skriv Aftenposten. – Helsedepartementet vil gå igjennom dei juridiske vurderingane av om regelverket er følgt, seier helseminister Bent Høie (H).©NPK