REGLAR: Direktoratet for e-helse vart i sommar skulda for regelbrot etter å ha brukt halve budsjettet på konsulentar. No har det granska og frifunne seg sjølv. Direktoratet vart kritisert for problematisk rolleblanding, og mogleg brot på innkjøpsregelverket, då PWC vart sikra ein kontrakt til 75 millionar kroner etter sjølv å ha gitt innspel til direktoratet om kva krav staten skulle stille. I ein 70 sider lang rapport kjem dei fram til at reglane ikkje er brotne, men at det er rom for forbetringar, skriv Aftenposten. – Helsedepartementet vil gå igjennom dei juridiske vurderingane av om regelverket er følgt, seier helseminister Bent Høie (H).©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Rekordmange båtskadar i år
Både talet på innmelde skadar og erstatningssummane som er betalt ut til uheldige båteigarar, har auka med 25 prosent i første halvdel av 2020 mot same periode i fjor, viser forsikringstal frå Finans Norge. Nesten 5600 skadar er registrerte, noko som har ført til erstatningar på 263 millionar kroner. I fjor vart det betalt ut 211 millionar kroner i same periode. Auken skjer etter in liten nedgang frå 2018 til 2019. ©NTB