Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fleire bur i byen – færre i distrikta

BEFOLKNING: Unge rømmar distrikta og flyttar til byane og områda rundt, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Byrået beskriv ei kraftig sentralisering dei neste 30 åra. Samla sett vil befolkninga vekse med 11 prosent fram til 2050, viser hovudalternativet til dei regionale framskrivingane. Men veksten er svært ujamt fordelt geografisk. Mange av kommunane med særleg høg vekst er rundt dei store byane. Dei fem kommunane med høgast framskriven vekst – Våler, Hvaler, Nannestad, Ullensaker og Hole – tilhøyrer alle Viken fylke, og dei har ein vekst på over 30 prosent mot 2050. Nordland krympar med 1,6 prosent. ©NPK