Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kvit

  • Det er trasig og imponerande å følgje med på nyhenda frå Kviterussland om dagen. Trasig fordi diktatorar som klamrar seg til makta med politivald mot demonstrantar, valfusk og andre lumske metodar ikkje er noko me ønskjer oss. Men imponerande fordi demonstrantane tar til gatene sjølv om dei veit at politiet tyr til grufulle middel. Tusenvis er arresterte og to er drepne. Minsk sentrum har vore full av demonstrantar, nok til å vise at det er meir enn 20 prosent som ikkje røysta på Lukasjenko. Om lag 100.000 menneske møtte opp. Det trass i torturen dei veit føregår i fengsla. Motet det kviterussiske folket viser no, er imponerande.