I det politiske liv og i den politiske debatten blir det ofte snakka om «partiets sjel». Om at sjela har blitt borte, om at ein ikkje kjenner partiet igjen. Eigentleg er det vel berre menneske som har sjel. Men enten det er politiske parti, organisasjonar, bedrifter, media eller liknande, så består dei av menneske. Og menneska vil noko med det ein opprettar. At det har eit formål, ein identitet og for dei fleste også eit verdigrunnlag.
Dersom det ikkje er samsvar mellom dette og den utøvande verksemda, er det ikkje rart om sjela blir etterlyst.
Sist eg registrerte at det var nokon som etterlyste «partiets sjel», var det Rikke Lind, tidlegare statssekretær for Arbeidarpartiet og aktiv partideltakar som meldte seg. Etterlysinga gjekk på mangel på likestillingspolitikk, der ho nyleg uttala til Dagens Næringsliv at «Arbeiderpartiet er i ferd med å miste sjelen sin». Noko av det same var Steinar Saghaug inne på, tidlegare sekretariatsleiar i stortingsgruppa. Det gjekk på mangel på politikk innanfor det klassiske naturvernet.
Ja, det er nok mange av oss politisk aktive som har sagt eller har hatt lyst å seia at «no kjenner vi ikkje partiet igjen», når vi har vore ueinige i eit eller anna. Men sjela finn vi neppe igjen i kvart enkelt saksområde av politikken. Ho finn ein i verdigrunnlaget og i formålet for det politiske partiet. Særleg gjeld det for eit stort folkeparti som vil vinna makt.
Det er vel eitt år til stortingsvalet. I ei uroleg tid og der mange er usikre på val av parti, meiner eg det blir viktig at valkampen, utover å snakka om saker, må formidla kva som er identiteten til partiet. Eg trur særleg Arbeidarpartiet har noko å vinna på det, og det er fordi partiet må fanga breitt utover enkeltsakene.
Fleire etterlyser, med rette eller urette, kva det er partiet står for og kven partiet er til for. For å finna ut av det må ein gå tilbake til røtene. Til dei som starta det heile. Og det var å etablera eit parti for arbeidsfolk, for arbeidstakarane.
For å sikra dei arbeid og utdanning, og gi dei innverknad og trygge kår helsemessig, sosialt og økonomisk.
«Fleire etterlyser, med rette eller urette, kva det er partiet står for»
Sjølv om vilkåra for arbeidsfolk flest er radikalt endra, dreier mykje av dei politiske oppgåvene seg i dag om nettopp det same. Det er bak ein slik politikk ein må finna Arbeidarpartiet si sjel.
I det store og heile trur eg ikkje at det er sakene og standpunkta til Arbeidarpartiet som i dag er utfordringa.
Utfordringa er å få fram at på dei fleste område, er det politiske formålet å tryggja arbeidstakarane.
Arbeidarpartiet har no gåande ein debatt om ny formålsparagraf, og som ein del av nytt partiprogram skal verdigrunnlaget for Arbeidarpartiet formulerast.
Eg trur ikkje det arbeidet og den debatten vil enda ut i mykje sjelevandring, men derimot at fleire medlemer og veljarar vil oppdaga kva som er grunnlaget for partiet.
Dessutan vil eit slikt arbeid ha mykje å seia for korleis partiet skal oppfattast. Nemleg som eit radikalt reformparti til venstre i politikken som evner å ta tak i utfordringane, ta dei nødvendige fornyingane og stå fram som partiet for lønstakarane.
Og det er lønstakarar dei fleste av oss er.
Ved sist stortingsval var det 2,9 millionar som stemde. I dag er det 2,9 millionar menneske i Norge som har eit arbeidsforhold. Veljarpotensial til eit parti for arbeidsfolk, er med andre ord ganske stort.