Etter utsette produksjonar og lanseringar i film og tv, kjem masseoppseiingane i Hollywood. Warner Media åleine kuttar 600 stillingar. Som ikkje det var nok, melder The Hollywood Reporter at underhaldingsselskapa no vil fri seg frå medisinsk ansvar for tilsette som blir koronasmitta på jobben. Manusforfattarlauget har sterkt rådd medlemmane frå å signera kontraktar som fritar arbeidsgjevarane frå helserekningar. Guri Kulås
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Agnieszka Hollands filmar er ei kontinuerleg påminning om farane ved 1900-talstotalitarismen.
Uønskt nytt frå Ukraina
Melding
Avdekkinga av den sovjetiske sveltekatastrofen på 1930-talet manar til strenge skilje mellom journalistikk og politikk.
(Mr. Jones, Polen/ Ukraina/ Storbritannia, 2019)
Regi: Agnieszka Holland
Manus: Andrea Chalupa
Med: James Norton, Vanessa Kirby, Peter Sarsgaard, Edward Wolstenholme
Lengde: 2 t. 21 min.
I 1932–33 vart Sovjetunionen herja av ein brutal svoltkatastrofe som kosta millionar av menneskeliv. Hungersnauda råka hardast i det som enno er det mest grøderike jordbrukslandet i Europa, nemleg korndistrikta i Ukraina.