Kjersti Annesdatter Skomsvold
I dag jeg, i morgen du
Roman
Forlaget Oktober 2020, 145 sider
På den første sida i Kjersti Annesdatter Skomsvolds nye roman er tittelen sett opp i ein sirkel, utan komma, slik at dei to ledda bit kvarandre i halen, i evig krinsløp. «I dag jeg, i morgen du» stammar frå eit latinsk ordspråk, Hodie mihi, cras tibi, som ein kan finne innskrive på gravkammer og gravlundar. Det er mest som ein vits, der den døde eller døyande minner den levande om at ingen slepp unna. Men ordspråket rommar meir: Det gjer døden til felleseige og gjer oss fortrulege, ikkje med døden, men med dette at vi alle skal døy.