Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Uro: Kjersti Annesdatter Skomsvold skriv morosamt og mørkt om lausriving.

Du og eg og døden

LIVSLENGT: Kjersti Annesdatter Skomsvolds absurdisme er kvardagsleg og mørk. FOTO: CHRISTOPHER OLSSØN Christopher Olssøn
Roman

Kjersti Annesdatter Skomsvold

I dag jeg, i morgen du

Roman

Forlaget Oktober 2020, 145 sider

På den første sida i Kjersti Annesdatter Skomsvolds nye roman er tittelen sett opp i ein sirkel, utan komma, slik at dei to ledda bit kvarandre i halen, i evig krinsløp. «I dag jeg, i morgen du» stammar frå eit latinsk ordspråk, Hodie mihi, cras tibi, som ein kan finne innskrive på gravkammer og gravlundar. Det er mest som ein vits, der den døde eller døyande minner den levande om at ingen slepp unna. Men ordspråket rommar meir: Det gjer døden til felleseige og gjer oss fortrulege, ikkje med døden, men med dette at vi alle skal døy.