Du kan bla til neste sideBla med piltastene

TAEKWONDO

Eit liv i kamp

VESLE KOREA: Utanfor den vesle bygda Bruvik på Osterøy, byggjer Cho Woon Sup livsverket sitt – eit norskkoreansk kultursenter med tilhøyrande hage i koreansk stil, der han tek imot studentar i kampkunsten taekwondo. Det har vorte mogleg med støtte frå milliardær Trond Mohn. Klassekampen

Cho Woon Sup valde vekk det trygge livet og flytta. 30 år seinare byggjer han med milliardærhjelp livsverket på ein gamal vestlandsgard.

I november 1987 tok Cho Woon Sup eit val og flytta til Noreg. Han hadde ein god og trygg jobb i Danmark, men stod i eit dilemma: Skulle han velje å halde fram med det trygge livet i eit flyselskap med gratisbillettar heim til Korea, eller takke ja til invitasjonen om det litt meir utrygge livet som taekwondoinstruktør i Noreg?