Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Korona-pandemien har gjort den økonomiske situasjonen tøffare for studentar:

Fleire utset studielånet

VIL HA HJELP: Andreas Trohjell, leiar for Norsk studentorganisasjon (NSO), etterlyser støtteordningar for studentar som slit økonomisk. Hanne Marie Lenth Solbø

TRONGE KÅR: Meir enn dobbelt så mange har utsett å betale tilbake studielånet i perioden mars til juli, samanlikna med same tid i fjor. Men studentane får ikkje ekstra økonomisk støtte.

Tal frå Lånekassen viser at frå 15. mars til 19. juli i år utsette 126.000 kundar å betale tilbake studielånet sitt. I same periode i fjor var talet 57.000. Det er ein auke på 69.000.