Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Reindrifta under skyts

I VEGEN: På Kvitfjell/Raudfjell i Tromsø er det no i ferd med å bli fullført eit vindkraftanlegg midt i reinbeitet. Vindkraft er berre eitt av trugsmåla mot den samiske reindrifta, skriv forfattaren. © FOTO: GUDMUND SUNDLISÆTHER

I dag er reindriftsareala i Noreg (og Sverige) utsett for eit hardare utbyggingspress enn nokon gong tidligare. Samtidig som ein offentlig sanningskommisjon kartlegg verknadane av tidligare fornorsking, skjer åtaka på reindriftsnæringa og på den samiske kulturen som aldri før. Bak dette står vindkraftindustrien, gruveindustrien, delar av turistnæringa og offentlig forvaltning som NVE og Direktoratet for mineralforvaltning, regjering og stortingsfleirtal. Det står i skarp motsetning til offisiell norsk politikk, som seier at vi skal ta vare på reindrift og samisk kultur. Korleis er dette mogleg? Eg vil peike på tre faktorar.