Eg har ofte tatt til orde for at folk skal få lov til å ha og utøva sine magiske og religiøse syn, i eit Norge som sett tanke-, ytrings- og trusfridom høgt. Det har stort sett dreidd seg om at individ og grupper har presentert eit tilbod eller fellesskap for dei som måtte føla seg kalla. Nå for tida er me vitne til ei forflytning, både kva gjeld tanke- og ytringsfridom, og kva som skal reknast som tru eller vitskap.
Lars Gule, Anne Kalvig, Gina Lende og Gyrid Gunnes skriv om religion i Klassekampen kvar torsdag.