Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Stedje

  • Dette er kanskje litt vanskeleg å tru for mange, men det er så sant som det er sagt. Olav Stedje har aldri fått kulturprisen frå Sogndal kommune. Sogndal kommune har altså delt ut kulturprisen sidan 1986, men aldri til Olav Stedje. La sjokket leggje seg før du les vidare. Ikkje eitt vondt ord om teatergruppa i Kaupanger ungdomslag, fotballdommar Tommy Skjerven eller sjefsbudeie Jorlaug Hosum. Jo, nokre vonde ord om Tommy Skjerven, som at han annullerte eit mål av Raymond Kvisvik i serieopninga på Lerkendal i 2004. Brann tapte 1–0.