VARSLAR: Etatane som kjempar mot arbeidslivskriminalitet, blir hindra i å snakke skikkeleg saman. Regjeringa har vorte varsla gjentekne gonger, men lite har skjedd. Får politiet inn eit tips, er det til dømes ingen automatikk i at dei kan dele det med Nav eller Skatteetaten. Arbeidstilsynet, Nav, politiet og Skatteetaten bad i eit felles brev til Arbeids- og velferdsdepartementet i november i fjor om endringar i regelverket. Skattedirektør Hans Christian Holte, som til hausten blir Nav-sjef, byrjar å bli utolmodig. – Det har teke altfor lang tid. Det har gått mange år, og dette har heile tida hemma arbeidet vårt. ©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene