Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kinoane vil pakka fleire folk i salane, men nedkorting av meteren er ikkje nok til å halda oppe kinokulturen.

Kinometer og dørstokkmil

KOR MANGE I SALEN? Over heile verda har kinoar vorte stengde, opna med strenge avstandsreglar – og stengde igjen. Her frå Bangkok i juni. FOTO: LILLIAN SUWANRUMPHA, AFP/NTB SCANPIX LILLIAN SUWANRUMPHA

Kan kinoane overtyda publikum om at store lerret ikkje er rigga berre for superheltfilmar?

Norske kinoar er uroa for framtida – med god grunn. Overslag frå bransjeorganisasjonen Film & Kino viser at smittevernreglane per i dag reduserer den totale publikumskapasiteten frå 82.000 til 10.000 seter. Det gjev ikkje grunnlag for rekningssvarande drift, noko som også var tema for krisemøtet ei rad kulturorganisasjonar hadde med kulturminister Abid Q. Raja og helseminister Bent Høie på onsdag. Bøna til regjeringa var at meterkravet frå helsestyresmaktene – altså avstandsmålet mellom kvart brukte kinosete i salen – måtte lettast på. No ventar alle på nye råd frå Helsedirektoratet.