Etter eit elendig lokalval i mai for Emmanuel Macron sitt parti, bytter Frankrike sin president ut regjeringa. Macron bryt løftet frå valkampen om å plassere ei kvinne på statsministerposten, i det han utnemnde Jean Castex som ny statsminister. Utskiftinga kjem i forkant av nasjonalvalet sett til 2022. Castex omtalar seg sjølv som «ein mann frå bygda», og seier han har trua på «heile Frankrike». Castex har bakgrunn frå høgrepartiet Les Républicains (LR), og entrar Paris direkte frå å vere ordførar i den vesle byen Prades. Han har tidlegare vore rådgjevar for ekspresident Nicolas Sarkozy.
Namn i nyhenda