Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Regjeringa i Bolivia driv «cyber-overvaking» av innbyggararValet er utsett til september

Tung bør å bera for Bolivia

LANG VEG: Bolivia sleit allereie med politisk uro før pandemien. Ujamn fordeling av medisinske resursar er eit kritisk problem i landet kor fattigdom er utbreitt og ulikskapen stor. FOTO: AIZAR RALDES, AFP/NTB SCANPIX AIZAR RALDES

KRISE: Koronapandemien har opna for innskrenking av fridom og auka statleg kontroll. Med pågåande politisk krise og utstrekt vald i Bolivia kjem overvaking i tillegg.

«Bolivia er i ei djup humanitær krise. Den sittande «førebelse» regjeringa gjer ikkje nok for å takla utfordringane med pandemien. Styresmaktene har påført oss eit overvakingsregime med trugslar og militæret i gatene», skriv Ivan Sanjinés i ei tekstmelding til Klassekampen.