KRISE: Koronapandemien har opna for innskrenking av fridom og auka statleg kontroll. Med pågåande politisk krise og utstrekt vald i Bolivia kjem overvaking i tillegg.
«Bolivia er i ei djup humanitær krise. Den sittande «førebelse» regjeringa gjer ikkje nok for å takla utfordringane med pandemien. Styresmaktene har påført oss eit overvakingsregime med trugslar og militæret i gatene», skriv Ivan Sanjinés i ei tekstmelding til Klassekampen.