Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tyskarane

  • Ein psykologiprofessor ved Universitetet i Bergen førelas i fjor om eit forskingsprosjekt han held på med om turisme. Då skal han ha sagt om dei tyske turistane i Noreg at «they (Germans) were here before, and now they sneak back in». Studentane skal ha ledd, dei fleste i alle fall. Og det trass i at vitsen ikkje er så morosam. Men ein tysk student reagerte på vitsen og klaga han inn til universitetet, skriv bransjeavisa Khrono. Instituttleiar, dekan og rektor har alle beklaga overfor den tyske turis... studenten. «Vi pålegger vanligvis ikke ansatte begrensninger i ytringer. Men vi er veldig opptatt av god folkeskikk», sa rektor Dag Rune Olsen til avisa.