Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bibellesing: Emmanuel Carrère blandar skriftemål og eksegese i si flakkande utforsking av dei første kristne.

Riket er mitt

Roman

Emmanuel Carrère

Riket

Roman

Omsett av Tone Bakke

Pelikanen 2020, 504 sider

«Skal eg bli gripen av ein tanke, må eg vite at han er boren fram av ei røyst, at han kjem frå eit menneske, korfor den andre har komme fram til han», skriv Emmanuel Carrère eit stykke ut i den dokumentariske romanen «Riket». Carrère har sett seg føre å skrive om dei første kristne, om korleis kristendommen oppstod og spreidde seg i verda, men før han set i gang med det, prøver han å leve etter eiga lære: Han brukar over hundre sider på å fortelje om seg sjølv og sitt eige liv, og om korleis interessa for apostelen Paulus og evangelisten Lukas oppstod.