Terje Dragseth
Alt jeg er redd for
Dikt
Cappelen Damm 2020, 95 sider
Hovudverka så langt i Terje Dragseths forfattarskap er «Kvitekråkas song» (2005) og «Bella Blu» (2012). Dette er store, gjennomkomponerte diktsyklussar. Heilt motsett dette er han i år ute med «Alt jeg er redd for», ei samling enkeltståande tekstar. Fleire av dei har vore publiserte før, mellom anna i Bokmagasinet og i Forfatternes klimaaksjon på Facebook.