God Jonsok!
I dag feirer me Johannes døyparen.
I spalta førreveke om NTB fekk eg ikkje plass til å forklara journalistikk. Så: Ordet har fransk jour (dag) som utgangspunkt. Ein journalist arbeider med det dagsaktuelle. Uttrykket à jour, også dét frå fransk, men vel kjent hos oss, inneber å vera oppdatert på dagens nytt; at ein følgjer med.
Då NRK etter krigen kringkasta sine nyheitssendingar som ‘Dagsnytt’, var det ein fulltreffar. Framifrå språkleg og journalistisk påhitt! At så den programposten desse åra òg vart introdusert med ‘Dette er Dagsnytt, i hovudsak frå NTB’ seier alt om kor sentral NTB var i nyheitsstraumen på den tida. Går me til arbeidslivet, viser omtalen jour-havande til den personen som er på plass og har dagsansvaret. Og på sjukehus fører dei nøye journal som dokumenterer korleis pasienten har det og vert behandla, frå dag til dag.
Det dagsaktuelle ordet i dag er naturlegvis St. Hans eller Jonsok. Ordleddet -ok i det sistnemnde har opphavleg hatt ein v som førstebokstav, altså -vok. Det leddet kan omsetjast med vake (ei vake), frå verbet å vaka (jamfør valvake). Mange vil då nikka, og fleire kjenner ordet vok-eld. Tradisjonen her nord har gjennom hundreåra vore å vaka ved bålet for å feira den lysaste natta i året.

Kvifor har dagen to ulike namn? Eigentleg er ikkje dét tilfellet, for det dreiar seg om same namn i to ulike former. Det er namnedagen til den heilage Johannes døyparen me feirar i dag. Johannes døypte hopevis av menneske i Jordan-elva, blant andre Jesus. Namnet Johannes er hebraisk og innhaldet har med ‘nåde’ å gjera. Vakkert namn, der kvinnelege motsvar er Johanna, Hanna og Anna.
Jon og Jens er skandinaviske variantar, Hans er tysk, Jan er nederlandsk, Jean fransk, Giovanni italiensk, Janos ungarsk, Juhani finsk, John engelsk, Ian irsk og Sean skotsk-gælisk (jamfør Sean Connery). Og det finst fleire; Johannes har som få andre namn vore opphavet til ei imponerande vifte av forskjellige namn.
«Johannes har vore opphavet til ei imponerande vifte av navn»
Ein gong då eg som fylkesleiar i Arbeidarpartiet gjekk på stolen under eit landsmøte i Folkets Hus, bestemde eg meg for å prøva å løfta stemninga eit lite hakk.
– Kva har Jens Stoltenberg, Jon Lilletun og Ivan den grusomme felles? spurde eg og såg utover den mektige forsamlinga, før eg etter ein kort kunstpause gav svaret:
– Førenamnet!
Forsøket på å løfta stemninga var mislukka. Berre eín i salen var med, men det var til gjengjeld ein partitopp med utsøkt sans for humor: Martin Kolberg. Han la seg over stolen i latter og såg bort på Yngve Hågensen, LO-leiaren, som sat med måpande hake. Min lærdom, der eg stod, vart: ‘Det fikk fanden fordi han var dum og ikke beregnet sitt publikum’.
Sidan me feirar Jonsok i dag, høver det òg å ta med den andre store namnedagen av same type: Olsok, om vel ein månad. Olav Digre (han var ganske tjukk) fall som kjent på Stiklestad og vart seinare heilag, sanctus, på latin. På Færøyane er dette sjølve nasjonaldagen. Dei seier Ólavsøka, det er stadig same verbet som ligg til grunn, men der har forma vorte -øka. Færøyingane søv ikkje den natta.
Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.