Fantasi og forvandling
På flott vis kjem vi heilt på innsida av Julian.

Jessica Love
Julian er en havfrue
Bildebok
Omsett av Eivind Sudmann Larssen
Mangschou 2020, 33 sider
Denne historia blir i all hovudsak fortalt gjennom bileta. Den minimale tekstens einaste funksjon er å formidla at seks-åtte år gamle Julian oppfattar dei vakre kvinnene han ser på metroen som havfruer. Og at han ønsker å vera ei havfrue sjølv òg. Når han og bestemora kjem heim, draperer han seg med bregner og gardiner. Bestemora ser på han, og går og hentar eit perlehalsband ho gjev han. Så tar ho han med seg til ein open plass der det er mange slike overdådig oppkledde havfruer som går og spankulerer. Men nå er det ope om dei er menn eller kvinner.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent