Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Selecten

  • «Nok ein gong lagde fleire rusa ungdomar helgebråk i Knarvik. Politiet er uroa over utviklinga.» Denne lina frå Avisa Nordhordland kunne ein lese mange variantar av i fleire år tidleg på 2000-talet. «Du kan faktisk ikkje førestilla deg det utan å sjå det sjølv. Heilt utruleg oppførsel til tider. Trass i at vi har videoovervaking, er det folk som slår ned andre heilt uprovosert. Skjønar det berre ikkje», sa butikksjefen på bensinstasjonen då. Det enda med at dei stengde dørene om nettene i helgene, trass i at politiet var der kvar helg og som ifølgje lensmannen hadde brukt fleire hundre timar på bensinstasjonen.