Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fantasi

  • I dag startar den norske eliteserien i fotball for menn opp att etter over eit halvt år i dvale og for min del ei ikkje særleg lystig avslutning. Sånn sett burde eg ikkje gle meg, etter å ha stått på tribunen og fått Strømsgodset–Brann 6–0 og Brann–Viking 1–5 i fleisen. Kven vil tilbake til det? Likevel er det ein merkedag når norsk fotball er i gang att. Samstundes har eg noko å klage på. For det første er tribunane stengt, men det er jo forståeleg. Videodømming likar eg heller ikkje, mindre og mindre etter kvart som eg ser det i bruk, men det har heldigvis ikkje Noreg teke i bruk enno.