Så upretensiøst at det i starten verkar uferdig, berre for ganske raskt å sjarmere denne meldaren i senk.
Teatret Vårt, Reknesparken i Molde
Fritt etter legendene om Robin Hood
Tilarbeidd av Bjørnar Lisether Teigen
Regi: Vera Krohn Svaleng og Kristian Lykkeslet Strømskag.
Med: Lars Melsæter Rydjord, Sara Fellman, Bjørnar Lisether Teigen, Johanna Mørck, Amalie Sofie Ibsen Jensen og Lars Halvor Andreassen.
Teatera tar til å opne att, og nokre er raskare enn andre. På Teatret Vårt i Molde har dei tatt tak i dei mange ulike legendene om Robin Hood, dikta ganske fritt, og på kort tid laga ei utandørs barneframsyning med koronaavstand både på scene og i sal. Bjørnar Lisether Teigen, ein av veteranane i ensemblet, har tilarbeidd dei gamle forteljingane om den kjekke og bolde Robin Hood.