Opphavet til og utviklinga av ordet «religion» har lenge opptatt religionsforskarar og andre. Me kjenner diskusjonar heilt tilbake til romerske forfattarar som Lucretius, Lactantius og Cicero, i hundreåra kring vår tidsrekning, for «religion» er opphavleg frå latin. Spørsmålet har vore om det er frå verbet relegere eller religare, som har ulike tydingar, nemleg som «å lesa om igjen, gjenta» eller «å binda i saman». Begge tydingar kan passa på vesentlege sider ved religion.
Lars Gule, Gina Lende, Anne Kalvig og Helene Næss skriv om religion i Klassekampen kvar torsdag.