- I helga var vi vitne til en imponerende folkelig mobilisering mot rasisme og politivold i flere norske byer. I Oslo, Bergen og Stavanger samlet tusenvis seg bak kravet om at drapet på George Floyd ikke må gå over i glemselen som et tall i statistikken. I stedet må det bli starten på grunnleggende endringer i måten vi bekjemper rasisme på. Grunnen til at protestbølgen har spredd med så eksplosiv kraft, er at rasisme begrenser folks frihet og trygghet også her i Norge.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Skal nynorsken overleva, må han brukast.
Oftare nynorsk
Fokus
For nokre år sidan heldt eg innleiing på ein konferanse for tillitsvalde i Nord-Trøndelag. Som vanleg var teksten på plansjane mine på nynorsk. Etter innleiinga var det ein som tok ordet og sa at innleiinga var grei nok den, men kvifor skulle eg plaga forsamlinga med nynorsk? Her var jo alle vant med berre å bruka bokmål. Kanskje hadde han eit poeng, tenkte eg ein liten augneblink. Men det vart med augneblinken. For dei fleste som hadde ordet snakka ein dialekt nær opp til nynorsk som min litt avslipte Hardangerdialekt. Eg svara tilbake at eg trur ikkje de har så vondt av å lesa tekstar som ligg meir opp til talemålet dykkar enn de er klar over.