Du kan bla til neste sideBla med piltastene
DebattStemmerett

Hjernelaust

Å visa til forsking på hjernen for å avgjera kven som har nok utvikla hjernar til å ha stemmerett, har ein temmeleg kjip historie. Likeins bekymringa for om menneske utan «moden hjerne» kjem til å stemma «feil», kva enn det tyder for Bjørn Vassnes (Klassekampen 4. juni).

Når ein diskuterer å utvida stemmeretten og vel å bevega seg inn på desse spørsmåla, tek ein debatten milevis frå kva saka dreier seg om; å ha eit demokrati som speglar innbyggarane. Me som er innbyggarar har forskjellige meiningar. Om du opnar skallane våre finn du fleire i alle aldersgrupper med hjernar som av ulike årsaker ikkje kvalifiserer til ein komplett og «moden» idealhjerne. Og kanskje stemmer dei, me, til og med i dine auge «feil»? Vel, vel.

Me er innbyggarane, me òg. Og me kjem til å vera med på å forma samfunnet me lev i, uavhengig av i kva grad hjernane våre likner anatomiboka. Heldigvis.