RETT: Eit fleirtal på Stortinget seier nei til ei lenge planlagd samanslåing av tingrettane i Østfold og på Romerike. I går vart det klart at eit representantforslag frå Sp om å setje samanslåinga til sides har fått støtte frå Ap, SV og Frp i Stortingets justiskomité, skriv Rett 24. For halvtanna år sidan bad sorenskrivarane i Fredrikstad, Halden, Moss og Sarpsborg sjølv om å få slå saman dei fire tingrettane til éin – Østfold tingrett. I vinter vart planane sanksjonerte i statsråd, og stillinga som sorenskrivar vart kunngjord. Opposisjonen viser til at det ikkje lenger er fleirtal for domstolsreforma der planen var å kutte talet på rettskrinsar frå 60 til 22.©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene