Eit omsorgseventyr
Gripande far-dotter-forteljing hentar vel mykje stoff frå kjende, dystopiske historier.

(USA, 2019)
Regi og manus: Casey Affleck.
Med. Casey Affleck, Anna Pniowsky, Tom Bower, Elisabeth Moss.
Lengde: 1 t. 59 min.
Ein far fortel dottera si ei god natt-historie om Noas ark. Dei ligg i eit campingtelt, og vi meir enn anar at faren, Caleb (Casey Affleck), byrjar å gå tom for idear til å fylla stengetidsritualet med. Samstundes forstår vi av dei observante og skarpsindige innvendingane frå dottera «Rag» (Anna Pniowsky) at ho straks er for gammal for dårleg skjulte allegoriar om seg sjølv og faren.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent