Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Å lese om bålbrenning, vald og tortur er ikkje noko problem for unge lesarar. Men eitt tabu står att.

Æsj, er det sex i boka?

IKKJE FOR BARN: Den vesle antydninga til sex i bakgrunnen av denne illustrasjonen var nok til å få fleire reaksjonar frå unge lesarar då «Den norske slavehandelen» blei gitt ut i 2018, skriv Anders Totland. ILLUSTRASJON: KRISTIAN KROHG-SØRENSEN, GYLDENDAL

Dei siste åra har eg skrive fleire sakprosabøker for unge, der eg har tatt opp tema som slavehandel, tortur, ærelause yrke, og no sist: historia om dei spedalske i Noreg. Ein del av lagnadane eg fortel om i desse bøkene, er ekstremt dramatiske. Det er folk som blir røva frå heimane sine, sett på utsida av samfunnet, stua vekk på institusjon eller avretta. Særleg i historia om nordmennene som deltok i den transatlantiske slavehandelen er vondskapen så stor at det knapt er til å fatta.