Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Andeleg: Ivar Orvedals dikt skildrar det heilage som noko allment.

Med synleg saum

TALENT: Ivar Orvedal. FOTO: FRODE HØLLELAND

Ivar Orvedal

postreptilia

Litteratur

Solum 2020, upaginert (140 tekstsider)

Mange bøker er bare bøker, det vil seia ei tilfeldig innbinding av ein tekst som kan gjevast att i kva typesnitt som helst. Teksten er noko ikkje-materielt, som finn ei tilfeldig form for at me skal kunna ta han til oss. Og så finst det bøker som Ivar Orvedals «postreptilia». Dette er ei bok som er sydd saman i ryggen, med ein synleg saum. På omslagets fram- og bakside, og på dei nærmaste sidene innanfor, finn ein attgjevingar av ulike figurar som gjev assosiasjonar til førhistoriske skriftteikn. Etter kvart går det opp for ein at dei alle er variantar av det same bokstavparet: S og T. Alle tekstsidene har ei raudleg stripe ytst, og gjev att den same teksten på norsk (svart) og engelsk (raudt).