Ina Strøm
En japansk vår. På reise gjennom et evig forbløffende land
Litteratur
Cappelen Damm 2020, 256 sider
Ian Buruma
Tokyo. En romanse
Oversatt av Christian Rugstad
Forlaget Press 2020, 208 sider
Jun’ichirō Tanizaki
Hyllest til halvmørket
Oversatt av Ika Kaminka
For ti år sidan reiste eg til Japan, full av forventingar om ein framand kultur som er omgitt av mytar og draumar. Det første eg hugsar frå turen, er at det kom ein høg, lys lyd frå toalettet på hotellrommet ei stund etter at romkameraten min hadde gått inn dit. Japanske toalett er som kjent ofte betre utrusta enn norske, og har knappar og brytarar med alle slags funksjonar. Det kan kome brått på når ein ikkje kan avkode skriftteikna på knappane.