Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Reise: Tre nye utgivingar utforsker framandskap og forsøk på fridom i Japan.

Draum om Austen

I DET FJERNE: Ein mann beundrar Fuji – det høgaste fjellet i Japan. FOTO: BEHROUZ MEHRI, AFP/NTB SCANPIX BEHROUZ MEHRI
Litteratur

Ina Strøm

En japansk vår. På reise gjennom et evig forbløffende land

Litteratur

Cappelen Damm 2020, 256 sider

Ian Buruma

Tokyo. En romanse

Oversatt av Christian Rugstad

Forlaget Press 2020, 208 sider

Jun’ichirō Tanizaki

Hyllest til halvmørket

Oversatt av Ika Kaminka

For ti år sidan reiste eg til Japan, full av forventingar om ein framand kultur som er omgitt av mytar og draumar. Det første eg hugsar frå turen, er at det kom ein høg, lys lyd frå toalettet på hotellrommet ei stund etter at romkameraten min hadde gått inn dit. Japanske toalett er som kjent ofte betre utrusta enn norske, og har knappar og brytarar med alle slags funksjonar. Det kan kome brått på når ein ikkje kan avkode skriftteikna på knappane.