Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Mallorca

  • Dei som har vandra i dei mørke delane av internett, kjenner til mallorcablusen. Mia Kristiansen frå Stavanger kjøpte seg ein bluse på Mallorca, og i 2007 forsvann han. Ein lilla og glitrande bluse, som vart stolen etter ho hadde sete vindauget på gap og hengd ut morgonkåpa, ein pyjamasjakke og mallorcablusen til lufting. Ho fortalde soga på NRK Rogaland, og nokon miksa han om til «Songen om mallorcablusen». Eit tidleg bidrag til sjangeren å mikse nyhende om til musikk.