Gje hovslagaren i Hallingdal ein pris! Lesarar veit eg då meiner Arne Horge, ein av dei som stundom skriv baksidetekst i Klassekampen. Mange av dei som skriv der, er ein hugnad å lesa; dei tenkjer fint og formar godt. Arne Horge nemnde i si siste tekst kjæringi. Heilt medvite med æ (han veit at skrivemåten no er kjerring), men slik vil han syna at ho fortener ‘kjær’.
Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.