Det er ikkje så ofte at Frp-arar og feministar heimehøyrande på venstresida finn saman. Abortspørsmålet er eit unntak frå den regelen. Det var kanskje difor den unge og engasjerte Frp-aren eg trefte på ein fest spurte meg kva eg tenkte om forslaget om å utvide grensa for sjølvbestemt abort til veke 22. Jo, svarte eg, eg er i utgangspunktet positiv. Før eg la til eit obligatorisk «men eg kunne nok ikkje ha gjort det sjølv». «Eg spurte deg om politikken din, ikkje om moralen din», parerte den dresskledde liberalisten. Eg kika ned i glaset og skamma meg. For hadde han ikkje rett? Er det ikkje irrelevant kva eg sjølv kunne eller ikkje kunne ha gjort i ein slik situasjon? Når eg tenkjer meg om, trur eg likevel at det er umogleg å skilje politikken og etikken heilt ifrå kvarandre. Når samfunnet skal lage sine lover, må ein naturlegvis ta omsyn til kva folk ser på som rett og gale. Men alle er ikkje samde om kva som er rett og gale i ulike spørsmål. Difor byggjer lover på kompromiss og vektlegging av ulike omsyn.
Etikk er også politikk.
Etisk refleksjon
Fokus