Filmstudioet Universal var den første Hollywood-produsenten til å distribuera kinoklar film rett på nett då dei lanserte sin «Trolls: Verdsturne» som video on demand (VOD), rett etter at verdas kinoar vart stengde i midten av mars. Universal hevdar no at den animerte barnefilmen har sett rekord som den mest kjøpte VOD-filmen i historia. Ifølgje bransjebladet The Hollywood Reporter er det uklart kva «rekord» betyr, sidan påstanden ikkje blir følgt opp av salstal eller statistikk det går an å jamføra påstanden om suksess med. Guri Kulås
Troll-suksess
Film