Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Stor pågang hjå Alarmtelefonen for barn og unge

TRAVELT: Alarmtelefonen for barn og unge har opplevd ein stor pågang etter at dei utvida med ei 24-timars teneste gjennom påsken. Ifølgje avdelingsleiar Margrethe Østerhus har tenesta opplevd ein auke frå i gjennomsnitt 19 samtalar per dag i mars til 39 samtalar i april. – Vi ser òg at temaa som kjem inn, er relaterte til korona. Familien går tett oppi kvarandre, konfliktnivået aukar, og rus er gjerne eit tema, seier Østerhus til NRK. Så langt i april har Alarmtelefonen hatt over 400 førespurnader på telefon, i tillegg til over 400 førespurnader på den nye chattetenesta. Alarmtelefonen kan nyttast av både vakse og born, og blir nådd på nummer 116 111. ©NPK