Då Gud trødde inn på teaterscenen, endra det Noreg. Eit forbod mot religiøs «krenking» i straffelova kom til, og eit nytt parti vart skipa: KrF.
Norsk historie manglar ikkje døme på at scenekunst kan utløysa politiske jordskjelv. Blant hendingane som ragar høgast på konfliktskalaen, er Nationaltheatrets freistnad på å setja opp «Guds grønne enger» i 1933. Stykket, ei folkeleg fortolking av bibelhistorier der Gud blir framstilt i kjøt og blod, vart vist berre ein gong, bak lukka dører for storting og regjering. Men då var stykket allereie stroken frå teaterets offentlege program – etter massive protestar.